www.nrk.no
Ukraina har treft russiske oljelager
Ukraina har angripe tre oljelager og eit drivstoffanlegg i Stavropol-regionen i Russland. Det melder president i Ukraina, Volodomyr Zelensky, på X. – SSU-einingar slo til mot tre oljedepot i Stavropol-regionen, medan einingar frå dei væpna styrkane våre trefte eit anna drivstoffanlegg i same region. SSU er den ukrainske tryggingstenesta.